Opningstider
  Fredag 22. oktober
Kl: 1000 - 2100
  Laurdag 23. oktober
Kl:1000 - 1700
  Sundag 24. oktober
Kl: 1200 - 1600
   
  Billettprisar på utstillinga:
  Vaksne kr 100
Barn kr 50
Barn under 7 år – gratis.
Les mer
   
  Gratis buss til og frå
Jernbanestasjonen

 
”Tredje gongen sede det”

Dette hugsar eg vi sa til kvarandre som born. Første og andre gongen var prøving og feiling, men tredje gongen måtte du ta det fulle ansvaret for det du gjorde.

Så også for Agrovisjon 2010. Arrangementet er den tredje i sitt slag i Stavanger Forum. Og vi har lært av det vi har gjort før. Årets Agrovisjon er derfor fornya i form og innhald. For oss som har med arrangementet å gjera er det nærast som ein eksamen. Vi vonar derfor at alle som lever av landbruk og mat legg turen innom Stavanger Forum i perioden 22-24 oktober og er med på å gi karakter til vårt arbeid.

Hovudkomiteen har gitt Agrovisjon 2010 tre stikkord:

  • Informasjon
  • Inspirasjon
  • Møte med gode venner

Målet for oss er at Agrovisjon 2010 skal gi informasjon slik at ein tryggare kan gjera val for framtida. Vi har derfor lagt oss i selen og fått dei innleiarane som vi meiner har mest å gi. Og det er med glede og stoltheit eg som leiar av hovudkomiteen kan konstatere at vi har lukkast 100%.

Landbruk og produksjon av kvalitetsmat er viktig for Noreg, for Rogaland, for kommunen og for heimbygda. Her i Rogaland har vi definert oss sjølv som matfylket i Noreg. I fylket vårt har vi mange bønder og stor produksjon. Vi trur den flotte utstillinga som vi kan vise fram på Agrovisjon 2010 vil gi aktive bønder inspirasjon til å ta nye og framtidsretta tak. Kvifor reise til Agroteknikk eller til Agromek når vi har alt vi treng i distriktet like rundt stovedøra?

At alle som kjem på Agrovisjon 2010 vil treffe kjentfolk og gamle venner kan vi garantere. Målsettinga vår er at vi vil ha 10 000 gjester i utstillingshallane. Når folk møtes er det alltid muligheiter. Gamle vennskap kan friskast opp og fornyast og nye kan bli etablert.

Agrovisjon 2010 legg derfor til rette for at folk kan stoppe igjen i Stavanger Forum etter at utstillinga er slutt fredag. Då blir det lagt til rette for ein intim bondepub med irsk musikk. Og laurdag inviterer vi til ein staseleg festmiddag som blir avslutta med dans. Sjur Håland har lova å vera toastmaster. Alle dagar vil det bli sett opp gratis buss til og frå jernbanestasjonen i Stavanger.

Nytt av året er at vi inviterer familiar frå bygd og by til Agrovisjon 2010 søndag den 24. oktober. Mange vil nok, etter ein tur gjennom utstillingshallane, oppdage at landbruket er meir moderne og meir i tida enn dei har vore klar over.

Velkommen til Agrovisjon 2010
 


Vi er nå inne i ein aktiv fase når det gjeld planlegging av konferansen på Agrovisjon fredag den 22.10.2010

Det er flott at Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk har meldt sin medverknad. Og eg trur det for han vil vera ei god anledning til å gi signal om dei endringane i landbrukspolitikken som regjeringa vil føreslå i den nye Stortingsmelding som er lova før jul.

I tillegg får vi del i dei tankane som rører seg i EU i samband med at mjølkekvotane skal avviklast frå 2013. Det er vår lyttepost i EU systemet, landbruksråd i Brussel Bjørn Eidem som har teke denne utfordringa:.

· Korleis vil produksjon og prisar utvikle seg ved avvikling av produksjonskvotane for mjølk?
· Kva med strukturutviklinga og den regionale fordelinga av produksjonen?.

Elles vil det på konferansen bli orienteringar om bioenergi basert på husdyrgjødsel som ein ressurs for samfunnet og den enkelte gardbrukar.

Så set alt nå kryss i dagboka ved 22 oktober. Dette må du ikkje gå glipp av om du skal vera oppdatert om retninga landbruks- og matproduksjon vil ta i åra framover
.

Sola 14 februar 2010

- Joar Oltedal
Leiar av hovudkomiteen


Så er vi i løypa med Agrovisjon 2010

Og det ligg i sjølve namnet– vi ynskjer at alle dei positive menneska som arbeider i og for landbruket skal bli inspirert til ”å løfte blikket frå respateksen” og finne ein ny visjon å strekka seg etter.

For å få eit tryggare fundament å stå på i arbeidet med Agrovisjon 2010, er det ved oppnemning av hovudkomite lagt vekt på å få landbruket brett representert. Og som ein kan sjå har vi fått entusiastiske medlemmer i hovudkomiteen som representerer alle dei viktigaste produksjonane. Vi har også fått med folk frå Dalane, Nord-Rogaland og Ryfylke i tillegg til Jæren. Alle delar av dette spanande fylket er såleis representert. Eg ser det dessutan som ein styrke at vi og har fått med oss nokre flinke kvinner i komiteen.

Det var gildt å invitere til medlemskap i hovudkomiteen. Alle som vart spurt sa – ja – det har vi lyst til å vera med på.

Utfordringa er nå få på plass eit program som gir noko til alle grupper. Det er vi godt i gang med.

Sola 28. januar 2010

- Joar Oltedal
 



 
Aktuelt:
[31.10] Vi har lagt ut to av foredraga på konferansen:
[31.10] Prisen for største nyheit gjekk til Bryne Landbruksservice for produktet deira ”Yoghurt til grisungar”.
[28.10] Landbrukets hederspris til ekteparet Silje Sværen og Øyvind Oaland fra Skiftun i Hjelmeland kommune
[27.10] 10.000 tok turen til Agrovisjon!
[15.10] MATSERVERING PÅ AGROVISJON 2010
[13.10] Framleis ledige plasser til seminaret Det gode kvinneliv på bygda
[07.10] Ingemund Kvæstad: Agrovisjon – den beste messa i Rogaland
[06.10] Lansering av sølvmedaljevinner i Norge på Agrovisjon 2010 Nuklospray Yoghurt til smågris
[05.10] Haugland gardsbarnehage har fått tildelt eit heller stort areal i ein av utstillingshallane.
[04.10] FKRA presenterer Kverneland Taarup 4300-serien
[04.10] FKRA presenterer Kverneland Taarup MED dobbel senterskårrotor
[04.10] FKRA presenterer John Deere 5E
[02.10] Sau i Zentrum - Skulderarrangement under Agrovisjon laurdag 23. okt.
[02.10] Agromiljø presenterer: Nytt utstyr for våtsåing i varig eng!
[02.10] FKRA presenterer Felleskjøpet RogalandAgder viser det nye Gestal FM forings-system for purker
[01.10] Diplom og heider flottaste stand en mest lovande nyheita" på Agrovisjon 2010
[27.9] Christian Aasland, bonde på Åsland i Time, prioriterer landbrukspolitikken
[24.9] God drøs, god musikk, god mat og god drikke
[24.9] Keenan sitt fôringssystem
[24.9] Yoghurt til smågris
[15.9] Vi har oppdatert rutetidene for bussane til/frå jernbanestasjonen
[14.9] Det gode kvinneliv på bygda? Møt likesinna og engasjerte kvinner på seminar under Agrovisjon 2010
[14.9] Liste over utstillarar er lagt ut (ekstern side)
[13.9] Att og fram er like langt. Statsråd Lars Peder Brekk kjem likevel til Agrovisjon.
[13.9] Dei har det travelt i det daglege, Elisabeth Kallevik Nesheim og Bjørn Steinar Nesheim i Nedre Vats i Vindafjord. Men på Agrovisjon skal dei, også i år.
[7.9] Skulderarrangement: Kurs for nye/komande bønder
[30.8] Møt Sparebank 1 SR-Bank og snakk om investeringar
[24.8] Program for Agrovisjon 2010 kan hentast i pdf-format her
[24.8] Matproduksjon er fellesnemnaren - Agrovisjon er positivt påfyll
seier tomatdyrkar Jan Terje Vignes
[17.8] Skulderarrangement: Biogass som ressurs
[3.8] Kanskje blir det handel, seier Torunn Handeland
   
  Arkiv med tidlegare nyheiter og meldingar finn du her
bunn.png