Landbruksmessa vil bli innretta mot
aktive bønder. Her vil dei bli presenterte for alle dei nyvinningane som
har skjedd den siste tida utan å måtte reise til utlandet.
På Agrovisjon 2010 fyller vi opp to hallar på tilsaman 3200
kvadratmeter. Alle større og mindre aktørar i bransjen vil vera
representerte. Det kan bli intimt og trongt om plassen, men koselig..
For Agrovisjon 2010 vil det bli lagt vekt på å leggja til rette for at
standar og utstillingar kan presenterast på ein positiv måte. Alle som
deltek vil leggja vekt på å få fram dei siste nyvinningane enten det
gjeld husdyr eller mekanisering.
Vi trur derfor at både dei som kjem for å sjå og dei som har noko å vise
fram skal føle at dei har hatt utbytte av å besøke messa på Agrovisjon
2010.