| Landbrukspolitisk konferanse |
Program for
Landbrukspolitisk konferanse 22 oktober 2010 |
|
Oppdatert den 15. jseptember 2010 |
Møteleiar:
Hallvard Ween, Regiondirektør NHO Rogaland |
| 10.00 – 10.15 |
OFFISIELL
OPNING Nils T Bjørke, leiar i
Noregs Bondelag |
| 10.15 – 11.00 |
Korleis vil
bønder som har gjort store investeringar for volumproduksjon av norsk
kvalitetsmat bli fulgt opp framover.
Lars Peder Brekk, landbruksminister |
| 11.00 – 11.30 |
Muligheiter for
norske bønder fram mot 2030. Korleis skal vi skaffe mat til 1 million
fleire nordmenn? Ole Chr.
Hallesby, veivalgsrådgiver (Sparebank 1 SR –bank) |
| 11.30 – 12.00 |
Nytt matprogram
frå 2011- sentralt i arbeidet med utvikling av tilleggsnæringar. Korleis
kan dette stimulere til ein ny giv i satsinga på lokal mat og lokale
spesialitetar frå bygdene i Rogaland.
Inger Solberg, direktør for mat og marin
Innovasjon Norge |
| 12.00 – 15.00 |
PAUSE FOR Å SJÅ
PÅ UTSTILLINGA OG FÅ I SEG LUNCH. |
| 15.00 – 15.45 |
EU sin
landbrukspolitikk er stadig i endring. Produksjonskvotane for mjølk i EU
skal bort - kva kjem i staden? Kva skjer med ordninga ”Eit bruk eit
tilskot” (pipetilskotet) ved revisjon av landbrukspolitikken.
Bjørn Eidem, landbruksråd ved
EU-delegasjonen i Brussel |
| 15.45 – 16.30 |
Makt og avmakt
i verdikjeda for mat! Får bøndene ein rimeleg del av verdiskapinga i
dag? Einar Steensnæs, leiar av
matkjedeutvalet |
| 16.30 – 17.00 |
Rogalandsbonden
– deprimert gledesdrepar eller innovativt fyrverkeri?
Tor Øyvind Skeiseid, Ryfylke Livsgnist
|
|
Agrovisjon 2010 sin landbrukskonferanse
fredag 22.oktober vert i år gratis og det vil ikkje vera krav om
påmelding. Føremålet med konferansen er at vi skal løfte blikket frå dei
dagsaktuelle utfordringane, og prøve å sjå inn i framtida.
Korleis vil t.d. endringar i landbrukspolitikken internasjonalt og
nasjonalt slå ut for landbruket i ulike deler av fylket? Kva påverkar
strukturutviklinga i mjølkeproduksjonen og i lammekjøttproduksjonen? Og
kva nye muligheiter vil nye løysingar innan energisektoren gi for vår
næring? Spørsmåla er mange, og vi vil finne fram til sentrale innleiarar
som er godt oppdaterte på sine felt.
Målet for Agrovisjon 2010 sin landbrukskonferanse er å informere og
inspirere slik at den enkelte får muligheit for å gjera sine val for si
bedrift på eit så godt faktagrunnlag som råd. Det er på denne måten vi
møter framtida med best grunnlag for å lukkast.
Vi arbeider aktivt for å få på plass eit dagsaktuelt program. Programmet
er publisert under bildet.

Joar Oltedal - frå Agrovisjon 2007 |
| |