 |
 |
|
|
| |
Opningstider |
| |
Fredag 22. oktober Kl: 1000 - 2100 |
| |
Laurdag 23. oktober Kl:1000 - 1700 |
| |
Sundag 24. oktober Kl: 1200 - 1600 |
| |
|
| |
Billettprisar på utstillinga: |
| |
Vaksne kr 100
Barn kr 50
Barn under 7 år – gratis. Les
mer |
| |
|
| |
Gratis buss til og frå Jernbanestasjonen |
|
| Skulderarrangement
|
|
Sau i Zentrum
Skulderarrangement under Agrovisjon laurdag 23. oktober
2010.
DROP IN!
- 10:15 - 11:15 Korleis oppnå gode
produksjonsresultat i sauehaldet?
Samtale med Paul Svela, ein svært dyktig sauebonde frå
Bjerkreim. Still spørsmål!
Kva betyr produksjonstilskota i Paul sitt sauehald
v/Gerd Siqveland Engelsgjerd, Bjerkreim kommune
Om investeringstilskott v/Karin Hansen, Innovasjon
Norge
- 11:30 - 12:00 Økonomien i
sauehaldet v/ Jostein Røysland, Bjerkreim
rekneskapskontor
- 13:15 - 14:00 Sauekontrollen er
viktig!! Nytte og bruk v/Grethe
Ringdal, Animalia
- 14:15- 15.00 Sauen – ikkje verdt
ulla?
Om framtida for norsk sauehold. Ved Margaret Eide
Hillestad, Landbrukets Utredningskontor
Bonde og nestleiar i Rogaland Sau og
Geit, Øyvind Bergøy er ordstyrar.
Møterommet ”Lindesnes B” i konferansesenteret til Stavanger Forum.
Inga påmelding eller deltakaravgift! Arrangørar; Rogaland Sau og Geit og
satsinga Auka produksjon i sauehaldet i Rogaland.
Program kan og hentes som pdf-fil her |
|
|
.jpg) |
|
For påmelding
og mer informasjon -
klikk
deg inn på kvinn.no |
|
Kurs for nye/komande bønder på hotell Rica
Forum fredag 22. oktober og laurdag 23. oktober
Rogaland Bondelag og Samarbeidsrådet for landbruksorganisasjonane i
Rogaland vil kombinere kurs for nye og komande bønder med eit besøk på
Agrovisjon 2010
Fredag vil kursdeltakarane vera med på det landbrukspolitiske programmet
der mange av dei utfordringane bonden må ta stilling til i åra framover
blir berørt.
Programmet inneheld elles møte med unge bønder med ulike produksjonar
som vil fortelje om sine erfaringar som nye bønder. Tema knytt til
økonomi og organisering av drifta på garden og samvirkeorganisasjonane
sitt arbeid blir og teke opp.
Elles vil mange spørsmål som er naturlege i samband med eigarskifte på
garden bli grundig belyst. Vi nemner i fleng:
- Dei menneskelege sidene ved
eigarskifte
- Odelslov og konsesjonslov
- Skatt og arveavgift
Fredag kveld kan kursdeltakarar stikka
innom Agrovisjon 2010 sin bondepub. Det vil vera god tid til sosialt
samvær. Og det er flott om ein har kjæraste/sambuar/ektefelle som og kan
vera med. Kurset gir ein god anledning til at de saman kan drøfte ei
felles framtid på garden.
Kostnad: Kr 750,- for enkeltrom og kr 1150,- for par i dobbeltrom
Påmelding til Rogaland Bondelag tlf. 51 88 72 70 eller E-post
olav.sande@bondelaget.no
før onsdag 22. september 2010.
|
|
| 2 - Biogass som ressurs
Foredrag og debatt om biogass - 23.10.2010
Møterommet ”Dyna” i konferansesenteret til Stavanger Forum
Inga påmelding eller deltakaravgift.
- Kl 10:30-11:15 Prosjektering og
praktiske vurderingar ved etablering av biogassanlegg v/Geir Fisknes
frå Mære
landbruksskole
- Kl 11:30-12:15 Kva moglegheiter ligg
det i bioresten v/seniorforskar Tormod Briseid frå
Bioforsk på ÅS
- Kl 13:15-14:00 Paneldebatt med
foredragshaldarane og arrangørane som deltakarar. Arnt Even Bøe frå
Stavanger Aftenblad er ordstyrar.
Det skal etablerast eit nasjonalt senter
for fornybar energi, knytt til landbruk, på Mære Landbruksskole. Skulen
er i etableringsfasen av eit biogassanlegg, som skal levere 0,8 GWh
årleg. Råstoffet er husdyrgjødsel frå storfe og svin, matavfall og halm.
Geir Fisknes er prosjektleiar for biogassanlegget.
Seniorforskar Tormod Briseid leiar biogass-aktivitetane i Ås-miljøet og
har solid og brei kompetanse på området.
Bioforsk på Ås jobbar aktivt
med å utreie potensialet for bruken av bioresten, som er restproduktet
etter biogassproduksjonen. Etter initiativ frå
Bioforsk og Senter
for fornybar energi på Mære, blei det i mai 2010 oppretta eit nytt
nettverk med namnet "Gårdsgass Midt-Norge". I Rogaland blei det oppretta
eit liknande nettverk i slutten av år 2009 kalla ”Bioenergiforum
Sørvest”, med Kristian
Spanne på Finnøy som leiar og kontaktperson.
Arrangørar av skulderarrangementet er Fylkesmannen i Rogaland
v/Landbruksavdelinga, Innovasjon Norge Rogaland, Rogaland Bondelag og
Enercoast v/Ryfylke IKS. Kontaktperson for arrangementet er:
Robijne
Verstegen på Landbruksavdelinga. Telefon: 51 56 89 62 (direkte) 51 56
87 00 (sentralbord)
|
|
|
|
 |
 |