Agrovisjon 2010 har som motto:
"Informasjon, inspirasjon og møte med gode vener"
Og sjølv om det ofte vert fokusert på den faglege delen av eit
arrangement som Agrovisjon 2010, er møte med gode vener i ei festleg
ramme også ei viktig målsetting for arrangementet.
I Agrovisjon 2010 har vi lagt meir vekt på det festlege fellesskapet enn
tidlegare. Det vil derfor bli lagt til rette for ein eigen Bondepub
fredag ettermiddag 22 oktober og ein festmiddag om kvelden laurdag 23
okt.
Vi reknar med at det er mange både av bøndene og av dei som står på
stand, som etter ein travel dag på landbrukskonferansen eller i
messehallane ynskjer å avslutte med ein matbit, forfriskingar og irsk
liveband i bondepuben fredag. Der vil du garantert treffe gode
kollegaer og vener.
I eit arrangement som Agrovisjon 2010 høyrer det dessutan til ein
festmiddag laurdag kveld med lett underhaldning som vert avslutta med
dans. Bestilling av bord for festmiddag på laurdag kan gjerast
frå denne linken (ekstern side)