Vi ynskjer med den å gi eit tilbod både til dei som har kome til
Agrovisjon for å høyra og sjå, og utstillarane i Stavanger forum. Det
skal og vera ei koseleg avslutning på ein fin dag for alle dei som har
skaffa seg avløysar. For dei som vil er det råd å få eit skikkeleg
måltid. Du må då bestille bord på førehand i restaurantbuffeten som vi
lagar i Stavanger Forum.
Elles vert det råd å kjøpe enkel pubmat, laga av norske råvarer utan
bestilling på førehand, og med god drikke attåt. Vi voner at drøsen skal
gå livleg når ein treff gamle vener og kjente.
”Trubadur” ved Jens Budsberg er leigd inn for å syte for ekte irsk
stemning.
Det vil ikkje vera plassbestilling til puben, men vi reknar med ar mange
vil stikka innom, slik at det kan vera trongt rundt borda og god
stemning!