Orientering om Agrovisjon 2010 til
nasjonale organisasjonar
I Agrovisjon 2010 er vi opptekne av
å spela på lag med alle gode krefter i næringa. Det har derfor vore
viktig for oss å informere nasjonalt om arrangementet så tidleg som
råd er. I januar sende vi informasjonsbrev til i alt 20 ulike lag,
organisasjonar og konsern som har heile landet som arbeidsfelt.
Vi vonar sjølvsagt at mange vil finne det interessant å ta seg ein
tur til matfylket Rogaland i samband med arrangementet den 22 -24
oktober. Det vert interessante dagar i eit fylke og eit fagmiljø der
bøndene er opptekne av å vera i første rekke med å ta i bruk ny
teknologi i si drift.
Vi informerer også sjølvsagt for å unngå møte/arrangementskollisjonar
som vil vera til ulempe både for Agrovisjon; men og for andre
konferansearrangørar som ynskjer å få deltakarar frå Sør
–Vestlandet.