Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk
til Agrovisjon 2010.
Landbruks- og matminister Lars Peder
Brekk til Agrovisjon 2010.
Konferanseprogrammet på Agrovisjon 2010 skal vera dagsaktuelt og
interessant. Vi er derfor glade for at vi nå har fått positiv
tilbakemelding frå ein av dei viktigaste aktørane i så måte!
Landbruks- og Matminister Lars Peder Brekk har sett av tid til å
halda eit av hovudinnlegga på konferansen.
Det vert for tida arbeidd med ei ny Stortingsmelding om
landbrukspolitikken som skal vera ferdig i inneverande år. Denne vil
verta førande for politikken i mange år framover. Agrovisjon 2010
vil vera ein naturleg plass å informere om dei endringane som må
koma om landbruket skal kunne oppfylle sine mange samfunnsoppgåver i
ei ny tid.