Mjølkekvotane skal avviklast i EU frå
2013. Vil dette påverka rammevilkåra for dei norske
mjølkeprodusentane?
Landbruksråd i EU, Bjørn Eidem,
vil orientere om førebuingane til denne systemendringa i den felles
landbrukspolitikken i EU på Agrovisjon 2010. Frå sin lyttepost i
Brussel har han første hands kjennskap til tankane på dette området
i EU.
Kva er bakgrunnen for ei så dramatisk omlegging av politikken? Og
kva vil dei oppnå?
Og det vi må spørja oss om er: Vil dette vera ei systemendring som
norske politikarar vil ta omsyn til når vår nasjonale
landbrukspolitikk skal under lupa i den nye Stortingsmeldinga om
landbrukspolitikken?