Opningstider
  Fredag 22. oktober
Kl: 1000 - 2100
  Laurdag 23. oktober
Kl:1000 - 1700
  Sundag 24. oktober
Kl: 1200 - 1600
   
  Billettprisar på utstillinga:
  Vaksne kr 100
Barn kr 50
Barn under 7 år – gratis.
Les mer
   
  Gratis buss til og frå
Jernbanestasjonen
Nyhet
Klart eg skal på Agrovisjon

 
Eg ser fram til Agrovisjon i Stavanger i siste del av oktober. Arrangementet blir ei fin blanding av det faglege og det sosiale, seier Bjørg Storhaug frå Klepp. Ho har vore på Agrovisjon tidlegare og meiner årets arrangement blir ei ytterlegare forbetring.


- Eg vil jo prøva å få med meg mest mogleg av utstillinga med det siste nye av maskinar og anna teknisk utstyr. På utstillinga treff me elles mange fagpersonar. Også konferanseprogrammet ser spennande ut og eg kjem til å ta med meg ein del av det, seier Bjørg.


- Så har eg sjølvsagt registrert at det blir ein del endringar i det sosiale tilbodet, og ser fram til å møta både naboar og andre kjente i bondepuben, held ho fram. Ho og sambuaren har førebels ikkje bestemt seg for om dei skal på festen på laurdagskvelden, men legg stor vekt på Agrovisjon som kollegial treffstad.


Bjørg er bonde på Storhaug i Klepp. Ho driv rundt 500 mål dyrka jord, helvta eigd, resten leigd. Mjølkeproduksjonen i fjøset er i samdrift, med kvote på 430 tonn. I tillegg leverer ho rundt 100 000 slaktekyllingar i året. Med så omfattande drift er det klart at det er viktig å halda seg fagleg oppdatert, og det er (mest) like viktig å koma seg ut og treffa yrkessøstrer og –brør i sosial samanheng.

Eg trivst som bonde og trivst heime på garden. Men det er viktig å koma seg ut og treffa andre, og det er svært viktig å halda seg fagleg oppdatert, meiner Bjørg Storhaug som skal på Agrovisjon i Stavanger i oktober.



 

Aktuelt:
[31.10] Vi har lagt ut to av foredraga på konferansen:
[31.10] Prisen for største nyheit gjekk til Bryne Landbruksservice for produktet deira ”Yoghurt til grisungar”.
[28.10] Landbrukets hederspris til ekteparet Silje Sværen og Øyvind Oaland fra Skiftun i Hjelmeland kommune
[27.10] 10.000 tok turen til Agrovisjon!
[15.10] MATSERVERING PÅ AGROVISJON 2010
[13.10] Framleis ledige plasser til seminaret Det gode kvinneliv på bygda
[07.10] Ingemund Kvæstad: Agrovisjon – den beste messa i Rogaland
[06.10] Lansering av sølvmedaljevinner i Norge på Agrovisjon 2010 Nuklospray Yoghurt til smågris
[05.10] Haugland gardsbarnehage har fått tildelt eit heller stort areal i ein av utstillingshallane.
[04.10] FKRA presenterer Kverneland Taarup 4300-serien
[04.10] FKRA presenterer Kverneland Taarup MED dobbel senterskårrotor
[04.10] FKRA presenterer John Deere 5E
[02.10] Sau i Zentrum - Skulderarrangement under Agrovisjon laurdag 23. okt.
[02.10] Agromiljø presenterer: Nytt utstyr for våtsåing i varig eng!
[02.10] FKRA presenterer Felleskjøpet RogalandAgder viser det nye Gestal FM forings-system for purker
[01.10] Diplom og heider flottaste stand en mest lovande nyheita" på Agrovisjon 2010
[27.9] Christian Aasland, bonde på Åsland i Time, prioriterer landbrukspolitikken
[24.9] God drøs, god musikk, god mat og god drikke
[24.9] Keenan sitt fôringssystem
[24.9] Yoghurt til smågris
[15.9] Vi har oppdatert rutetidene for bussane til/frå jernbanestasjonen
[14.9] Det gode kvinneliv på bygda? Møt likesinna og engasjerte kvinner på seminar under Agrovisjon 2010
[14.9] Liste over utstillarar er lagt ut (ekstern side)
[13.9] Att og fram er like langt. Statsråd Lars Peder Brekk kjem likevel til Agrovisjon.
[13.9] Dei har det travelt i det daglege, Elisabeth Kallevik Nesheim og Bjørn Steinar Nesheim i Nedre Vats i Vindafjord. Men på Agrovisjon skal dei, også i år.
[7.9] Skulderarrangement: Kurs for nye/komande bønder
[30.8] Møt Sparebank 1 SR-Bank og snakk om investeringar
[24.8] Program for Agrovisjon 2010 kan hentast i pdf-format her
[24.8] Matproduksjon er fellesnemnaren - Agrovisjon er positivt påfyll
seier tomatdyrkar Jan Terje Vignes
[17.8] Skulderarrangement: Biogass som ressurs
[3.8] Kanskje blir det handel, seier Torunn Handeland
   
  Arkiv med tidlegare nyheiter og meldingar finn du her
bunn.png