Dette er eit svært aktuelt tema som
blir teke opp på den landbrukspolitiske konferansen under Agrovisjon
2010. Temaet har vore på dagsorden i mange år. Får bonden ein stor
nok del av verdiskapinga i matkjeda, eller er det grossist og/eller
detaljist som stikk av med det meste?
Desse spørsmåla får nå ei brei drøfting i det regjeringsoppnemnde
matkjedeutvalet som vart etablert for nokre månader sidan. Vi har
vore så heldige å få leiaren av dette utvalet tidlegare statsråd
Einar Stensnes til å orientere om arbeidet i utvalet på den
landbrukspolitiske konferansen under Agrovisjon 2010. Tittelen på
hans innlegg er:
Makt og avmakt i verdikjeda for mat.
Får bøndene ein rimeleg del av verdiskapinga i dag?
Datoen for konferansen som og inneheld mange andre godbitar er
fredag 22 oktober