Kva muligheiter har norske bønder fram mot
2030, og korleis skal vi skaffe mat til
1 000 000 fleire nordmenn?
Dette skal veivalgsrådgiver Ole
Christian Hallesby frå Nøtterøy gi oss sine svar på under den
landbrukspolitiske konferansen på Agrovisjon 2010.
Det er Sparebank1 SR-Bank, som er ein av hovudsponsorane for
Agrovisjon 2010, som har utfordra Ole Christian Hallesby til å gi
sine vurderingar av desse spørsmåla.
Hallesby har vore i Rogaland fleire gonger tidlegare og erfaringane
er slik at vi er svært glade for å kunne oppfylle Sparebanken sitt
ynskje her. Dette både fordi Hallesby er ein framifrå førelesar, og
fordi han har ein flott måte å få sett lys på og illustrert dei
problemstillingane han gir sine vurderingar av.