| Det er med meg som for dei fleste
andre. Agrovisjon er først og fremst ein arena for sosialt samvær
mellom yrkesbrør, men messa er også ein god plass der ein kan søkje
råd og få gode idéar, seier Elling Aarsland. Den travle bonden og
firebarnsfaren frå Årsland i Hå driv med mjølkeproduksjon. Denne
sesongen har han teke i bruk ny plansilo.
– Det betyr at eg er mykje friare i høve til mekaniseringa av
fôringa enn før. No brukar eg ei eldre avlessarvogn på fôrbrettet.
Denne er mogen for utskifting, og eg ser ikkje vekk frå at eg kan få
både råd og idéar på Agrovisjon, seier han.
Som dei fleste bøndene har også Elling Aarsland ei ønskjeliste
gjeldande nyinvesteringar. Ein ny traktorhengar står høgt oppe på
denne lista. Kanskje finn han rette modellen på Agrovisjon.
– Men først må eg gjennom tøffe
forhandlingar med kona, ler han.
|