 |
 |
|
|
| |
Opningstider |
| |
Fredag 22. oktober Kl: 1000 - 2100 |
| |
Laurdag 23. oktober Kl:1000 - 1700 |
| |
Sundag 24. oktober Kl: 1200 - 1600 |
| |
|
| |
Billettprisar på utstillinga: |
| |
Vaksne kr 100
Barn kr 50
Barn under 7 år – gratis. Les
mer |
| |
|
| |
Gratis buss til og frå Jernbanestasjonen |
|
| Nyhet |
Kanskje blir det handel
|
- Eg skal på Agrovisjon i oktober.
Det er viktig for meg som bonde å vera oppdatert på alt som er nytt
på maskin- og utstyrsfronten. Frå førre Agrovisjon-arrangement veit
eg at det er ein god stad å orientera seg.
Det er Torunn Handeland frå Sirdal som seier dette. Ho er bonde på
Handeland i Sirdal med mjølkekvote på rundt 100 tonn og 25
vinterfôra sauer. Torunn er produsentlagsleiar for Tine i Sirdal, og
årsmøteutsending i Tine.
- Eg har ikkje konkrete planar om å kjøpa noko på Agrovisjon, men er
interessert i å sjå på ulike slag utstyr for fôrutlegging, og
kanskje blir det kjøp. Men då må seljarane skjerpa seg. På førre
Agrovisjon såg eg på det same, men seljaren oversåg meg og det var
uråd å få kontakt. Då naboen – ein mann - kom bort og helsa på medan
eg stod på den aktuelle standen, gav seljaren dei brosjyrane som var
aktuelle for meg, til han. Eg gjekk. Så då spørs det om dei tre år
seinare er klar over at det også er kvinnelege bønder, seier Torunn
Handeland, som trass den opplevinga ho hadde, meiner Agrovisjon er
eit viktig arrangement for alle bønder. |
 |
|
|
|
|
 |
 |