Agrovisjon er enno litt fram i tid,
så eg har ikkje lagt dei store planane enno, seier Jan Terje Vignes,
travel tomatdyrkar frå Finnøy. Saman med kona, Lisa, driv han
produksjon av søte, raude munnfullar i til saman 14 mål drivhus.
Garden og drifta elles er del av ei samdrift.
Det einaste eg kan seie i dag er at eg garantert kjem til å besøkje
Agrovisjon.- Agrovisjon er reint fagleg kanskje ikkje hyperaktuell for oss som
driv tomatproduksjon, og miljøet kring tomatproduksjonen er nok for
lite til at messa blir rette staden å rette merksemda på våre
utfordringar med overproduksjon, trur han.
Men Vignes presiserer at landbruksmesser alltid er ein nyttig
møteplass. Både på det sosiale området, og når det gjeld fagleg
input. Og han har ikkje noko i mot denne typen møteplassar.
- Eg har hatt stor nytte og glede av å besøkje messer både innan- og
utanlands, fortel den unge bonden. ˆ Vi er alle matprodusentar, og
på ei messe som Agrovisjon er det sjølvsagt alltid positivt påfyll å
hente for oss som vil vere med vidare. Det gjeld anten vi har kyr
eller tomatar i driftsbygningane våre, strekar han under.
|