Landbruket er i sterk
endring og mange står føre store vegval om korleis garden skal
utviklast. Signal om behov for auka matproduksjon som følgje av
befolkningsvekst gir muligheiter. Samtidig gir auka kostnader
redusert inntening i mange produksjonar. Storleiken på byggeprosjekt
fører og til at konsekvensane av feilinvesteringar blir langt større
enn tidlegare.
Som ein betydeleg aktør innan finansiering av landbruket er
SpareBank1 SR-Bank opptekne av at prosessen i forkant av større
investeringar er best mulig.
SpareBank1 SR-Bank har utvikla dataverktøy til bruk i økonomiske
vurderingar som og er solgt vidare til mange rekneskapskontor i
fylket. Dette kan vera til god hjelp i dei økonomiske vala som må
tas.
Bruk tida før du skal investere godt. Ta tidleg kontakt med bank,
fagrådgjevar og rekneskapsførar slik at du får best mulig grunnlag
for den beslutninga du skal ta for framtida.