| - Agrovisjon er ein stad å treffa
gode kollegaer, og det er ein stad for dei gode diskusjonane, er dei
to samstemte om.
På garden sin har dei 4 000 høner og 30 oksar. I tillegg driv dei
selskapslokalet ”Oldemors hus”, eit gamalt gardshus som dei har
restaurert på ein framifrå måte. Begge arbeider også utanom garden,
Elisabeth som leiande helsesøster i kommunen og Bjørn Steinar som
nøkkelrådgjevar i Tine. Som om ikkje det er nok, har dei også hatt
tid til å ta på seg tillitsverv. Her kan vi bare nemna at Elisabeth
var med i styret i Prior i si tid og har vore ordstyrar for årsmøtet
i Rogaland Bondelag. For tida er ho leiar av Bondelaget sitt
U-landsutval, og har diverse lokale tillitsverv.
Så sjølv om dei har mykje sosial
kontakt i det daglege, ser dei altså fram til å ”vera sosiale” også
på Agrovisjon 2010.
- Eg er glad i maskinar og skal gå
nøye gjennom utstillinga. Sidan eg arbeider i Tine bruksutvikling,
er det også svært viktig å sjå det nye innan mekanisering, å vera
best mogleg oppdatert på det eg treng i jobben min, avsluttar Bjørn
Steinar. |