 |
 |
|
|
| |
Opningstider |
| |
Fredag 22. oktober Kl: 1000 - 2100 |
| |
Laurdag 23. oktober Kl:1000 - 1700 |
| |
Sundag 24. oktober Kl: 1200 - 1600 |
| |
|
| |
Billettprisar på utstillinga: |
| |
Vaksne kr 100
Barn kr 50
Barn under 7 år – gratis. Les
mer |
| |
|
| |
Gratis buss til og frå Jernbanestasjonen |
|
| Nyhet |
Att og fram er like langt.
Statsråd Lars Peder Brekk kjem likevel til Agrovisjon.
|
.jpg) |
På grunn av ei viktig påkomande
reise til utlandet fekk vi tidleg på sumaren beskjed om at Landbruks
og matministeren ikkje kom til Agrovisjon 2010. Han måtte prioritere
ei utanlandsreis fredag den 22 oktober. Vi som arbeider med
Agrovisjon var sjølvsagt veldig leie oss og skuffa over at
statsråden nedprioriterte eit så viktig arrangement i landets
viktigast landbruksfylke.
Men etter å ha kontakta leiaren i Høyre Erna Solberg og fått hennar
ja til å ta på seg eit hovudinnlegg, hadde vi likevel på plass eit
balansert program for konferansen. Vi vart derfor på ny svært leie
oss då det kom melding om at NATO hadde forlenga eit møte ho måtte
vera med på slik at ho ikkje nådde Agrovisjon.
Etter ny gjennomgang av Landbruks og matministeren sine avtalar
viste det seg at han likevel kunne smette inn ein tur til Stavanger
og Agrovisjon fredag 22 oktober. Dermed har vi, når det gjeld
programmet for konferansen under Agrovisjon 2010, rykka tilbake til
start.
Vi ser nå fram til at Landbruks og matministeren, etter at
Departementet i lang tid har arbeidd med ei melding til Stortinget
om landbrukspolitikken, gir oss synspunkt på korleis dei frå
Regjeringa vil følgja opp bønder som har gjort store investeringar
og bønder som må gjera store investeringar for å halda fram med
volumproduksjon av norsk kvalitetsmat.
|
|
|
|
|
|
|
 |
 |