| Prioriterer landbrukspolitikken
- Den helga blir særs travel for meg,
med mykje program, så eg er faktisk ikkje heilt sikker på om eg får
tid til å bruke så mykje tid på Agrovisjon som eg normalt ville
gjort, seier Christian Aasland, bonde på Åsland i Time.
Christian Aasland er ikkje i tvil om kva han vil prioriterer dersom
tida blir knapp og han blir tvungen til å velje.
- Konferansedelen er heilt klart det
mest interessante for meg. Med aktuelle namn som til dømes Nils T.
Bjørke, Ole Chr. Hallesby og landbruksminister Lars Peder Brekk på
programmet, blir denne delen av Agrovisjon garantert aktuell og
spanande, seier Aasland. Den unge mannen har vore bonde med kyr og
sauer i fjøset sidan han tok over garden i 2001. Aasland er også
aktiv som tillitsvald, og han er aldri er redd for å seie si meining
i debattar som handlar om bøndene sine vilkår.
– Framtida opptek sjølvsagt oss som har satsa på bondeyrket. Eg
etterlyser sentrale politikarar som er opptekne av å sikre bøndene
sine ramevilkår i eit langt lengre perspektiv enn det som er
tilfellet i dag. Eit avtaleår eller ein valperiode på fire år er
langt frå nok for oss som gjerne skal investere for minst 10 – 20 år
fram i tid, påpeikar Aasland.
|