Vi var under Agrovisjon 2007 stolte over
det som vart vist i utstillingshallane. Utstillarane hadde lagt
stort arbeid og mykje flid i å presentere kvar sin stand på ein
flott måte. Samla sett framsto derfor utstillinga som profesjonell
og flott, fullt på høgd med det som vert vist på andre tilsvarande
utstillingar i inn og utland.
Vi er sikre på at også våre utstillarar på Agrovisjon 2010 vil
leggja stor vekt på å presentere ein flott og innbydande stand.
Mange vil og ha og spennande nyheiter å vise fram.
Hovudkomiteen for Agrovisjon 2010 har derfor bestemt at det i 2010
skal delast ut diplom og heider til den standen som framstår som
mest innbydande for gjestene. Vi vil og honorere det firmaet som
presenterar den mest lovande nyheita på Agrovisjon 2010 på
tilsvarande måte.
Det vil bli nedsett ein eigen komite leia av Dag Raustein i
Bondevennen for å gå nøye gjennom utstillingshallane og vurdere kva
stand og kva firma som bør trekkast fram.