 |
 |
|
|
| |
Opningstider |
| |
Fredag 22. oktober Kl: 1000 - 2100 |
| |
Laurdag 23. oktober Kl:1000 - 1700 |
| |
Sundag 24. oktober Kl: 1200 - 1600 |
| |
|
| |
Billettprisar på utstillinga: |
| |
Vaksne kr 100
Barn kr 50
Barn under 7 år – gratis. Les
mer |
| |
|
| |
Gratis buss til og frå Jernbanestasjonen |
|
| Nyhet |
Nytt utstyr for våtsåing i varig eng ! |
|
Grasdyrkinga er under endring. Vi har fått tidlegare første slått og
fleire slåttar. Dette fører til at dei sådde artane går fortare ut.
For å halde oppe avlingsnivå og fôrkvalitet må ein derfor fornye
enga med ønska sortar av gras og kløver i det eksisterande
plantedekket. Ei slik vedlikehaldssåing forlenger enga si levetid!
Agromiljø AS har utvikla ein ny metode for å få dette gjort. Vi
blandar frø og husdyrgjødsel og nyttar stripespreiar eller nedfellar.
Frø og gjødsel vert blanda i eit fordelarhus på spreiaren og
blandinga vert lagt oppå jorda i striper eller i furer i jorda. Det
er ved bruk av storfrøa arter som raigras, raisvingel, engsvingel og
raukløver metoden har vore mest effektiv.


|
Ved å nytte våtsåing med nedfellar eller stripespreiar, kan ein
oppnå å kombinere god husdyrgjødselhandtering med vedlikehald av
enga. Og vert spreieutstyret kopla til slepeslangeutstyr, kan ein
også redusere jordpakkinga. I klimameldinga frå Landbruks- og
matdepartementet vert det lagt opp til premiering av direktesåing og
redusert jordarbeiding for å redusere utslepp av klimagassar. Det
kan gjere våtsåing for vedlikehald av enga endå meir aktuelt
framover.
Kom og snakk med oss om våtsåing i enga under Agrovisjon 2010. |
 |
|
|
 |
 |