Agrovisjon 2010 vart dei festdagane
for Rogalandsjordbruket som vi håpa på. Takk til alle som har
medverka på ein positiv måte, utstillarar, publikum, innleiarar på
konferansen, tilsette i Stavanger Forum og andre.
Med landbruks og matminister Lars Peder Brekk på plass på
talerstolen framføre ein fullsett sal, starta tre flotte dagar.
Den landbrukspolitiske konferansen fredag
treffte sitt publikum. Salen var fullsett med 450 forventnigsfulle
tilhøyrarar. Og folk fekk med seg viktig informasjon om framtidig
satsing på norsk matproduksjon og tilleggsnæringar. Konferansen
hadde og spennande innlegg om landbrukspolitikken i EU og om
maktforholda i daglegvarehandelen.
Utstillinga/messa
hadde samla i alt 66 større og mindre utstillarar. Ca 100 firma var
representert. I tre heile dagar til endes gjekk vi tett i tett i dei
to utstillingshallane. Vi snakka med gamle kjente og slo av ein prat
med ukjende. Her var det folk frå heile Rogaland. I tillegg
registrerte vi at det kom ein god del bønder frå andre delar av
landet. I alle fall var Agder godt representert. I tillegg var det
folk frå Troms, Trøndelag, Møre, Østfold og ein heil buss frå
Seljord i Telemark.
Det var gilde dagar i hallane både for gamal og ung. Mange smilefjes
å sjå og mange fine tilbakemeldingar både frå publikum og frå
utstillarane.
Yara fekk prisen for beste stand og BLS (Bryne landbruksservice) for
den største nyheten eit Youghurtpreparat til smågris.
Bondepuben på fredag kveld
var det knytta stor spenning til. Og det vart ei positiv oppleving
for alle oss som fekk vera med. I alt var det 750 - 800 personar
innom puben i løpet av kvelden. Alt gjekk fint og skikkeleg for seg
som det skal når godtfolk har det gildt saman.
Bondefesten laurdag kveld
hadde samla 250 deltakarar. Det vart eit høgdepunkt for mange. God
mat og lett underhaldning. Kvelden vart avslutta med dans til over
midnatt.
Skulderarrangementa
Kurset for unge bønder vart fullteikna og intersserte ungdomar mått
avvisast.Seminaret om Det gode
kvinneliv på bygda samla i alt 60 deltakarar, som rapporterer om eit
spennande program
På dagseminaret om Biogass frå
gjødsel var det ca 30 stk som var interesserte og brukte ein del av
laurdagen til å setja seg betre inn i utfordringane på dette feltet.
Dagseminaret Sau i Zentrum samla opp
mot 60 deltakarar på ein travel laurdag.
Oppsummering
Vi har fått mange positive tilbakemeldingar på Agrovisjon 2010. I
alt var det innom ca 10 000 besøkande dei tre dagane. At vi får med
oss folk i alle deler av jordbruksfylket er svært gledeleg. Her kom
folk frå Haugalandet og Ryfylke saman med Jærbuar og bønder frå
Dalane. Og mange hadde skaffa seg avløysar og tok helga saman med
kone eller sambuar I Stavanger. Dei aller aller fleste gjekk frå
Stavanger Forum med ein positiv følelse av at dei hadde vore med på
noko gildt, og alle hadde treft gode kjenningar frå ulike delar av
jordbruksfylket. Og mange var stolte over at vi får til eit slikt
flott arrangement i fylket vårt.
Send oss din meining!
Det er i dag ingen, trur eg, som ikkje meiner at vi bør leggja til
rette for eit tilsvarande arrangement om tre år - altså i 2013.
Og sjølv om vi er nøgde med årets
arrangement og med frammøtet skal vi gjera ei grundig evaluering i
løpet av november.
Det er sjølvsagt at det er forhold
knytta til arrangementet som ikkje var godt nok og som må forbetrast.
Vi er derfor interesserte i dine merknader/forslag til forbetring og
idear justering av arrangementet.
Dei kan du senda til leiaren i hovudkomiteen - helst før 15 november
Joar Oltedal
Joaveien 45
4050 Sola |